Eg melde overgang frå raude venstresida til Miljøpartiet Dei Grøne sumaren 2005, og fekk med meg innspurten av ein valkamp som gav 3652 røyster på landsbasis. 0,1 % er ikkje stort å skryta av. Men alt i 2007 hende det noko, då røystetalet meir enn tredobla seg til 12 379 (0,6 %) i fylkestingsvalet (trass i at veljarane i Hedmark, Finnmark, Buskerud og Telemark ikkje hadde noka grøn liste å røysta på i det heile).
Dei siste åra har vi arbeidt systematisk med å vidareutvikla den grøne politikken og byggja ein meir slagkraftig partiorganisasjon. På torsdag, 80 dagar før valet, fekk vi det mest handfaste provet på framgang så langt: på ei meiningsmåling for Sandefjords Blad fekk MDG 1,5 %, og er med det større enn både Senterpartiet og Raudt i Vestfold.
Dersom dette skulle slå til på landsbasis ville det for MDG innebera ei auke på heile 1000 % frå 2005 – og tilsvarande meir økonomisk støtte frå staten, som ville leggja grunnlaget for eit større gjenombrot i lokalvalet 2011. For ein start på valkampsumaren!
