av Jarle Fagerheim | 28. juni, 2009  

MDG større enn Senterpartiet!

Eg melde overgang frå raude venstresida til Miljøpartiet Dei Grøne sumaren 2005, og fekk med meg innspurten av ein valkamp som gav 3652 røyster på landsbasis. 0,1 % er ikkje stort å skryta av. Men alt i 2007 hende det noko, då røystetalet meir enn tredobla seg til 12 379 (0,6 %) i fylkestingsvalet (trass i at veljarane i Hedmark, Finnmark, Buskerud og Telemark ikkje hadde noka grøn liste å røysta på i det heile).

Dei siste åra har vi arbeidt systematisk med å vidareutvikla den grøne politikken og byggja ein meir slagkraftig partiorganisasjon. På torsdag, 80 dagar før valet, fekk vi det mest handfaste provet på framgang så langt: på ei meiningsmåling for Sandefjords Blad fekk MDG 1,5 %, og er med det større enn både Senterpartiet og Raudt i Vestfold.

Dersom dette skulle slå til på landsbasis ville det for MDG innebera ei auke på heile 1000 % frå 2005 – og tilsvarande meir økonomisk støtte frå staten, som ville leggja grunnlaget for eit større gjenombrot i lokalvalet 2011. For ein start på valkampsumaren!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Herleg! Vil oppmoda alle medlemer (og andre) til å gje valkamppengegåver så det monar, slik at me kan nå ut til flest mogeleg.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Eg tru nok at små parti som Miljøpartiet Dei Grøne jamt over fær fleire røyster i fylkestingsval enn i stortingsvala. Det er lettare å få vald nokon inn i eit fylkesting enn på Stortinget, så det er færre som vil sjå på slike røyster som bortkasta. Vedtaka i Stortinget og regjeringa fær jamt over òg større konsekvensar enn dei som fylkestinga gjer. Ei Høgre- og Frp-dominert regjering kan gjere meir skade enn det ein Høgre- eller Frp-ordførar kan gjere.

Svar: Historisk er det jo slik som du skriv. Men som dei færraste veit vart sperregrensa for røystestøtte for stortingsval på 2,5 % fjerna i 2006. Medan MDG dei 18 fyrste åra ikkje fekk ei krone i offentleg støtte på nasjonalt plan, vil kvar einaste røyst vi får 14. september seia 100 kroner meir i støtte neste år. Skulle MDG no få 1,5 %, som nokre målingar kan tyda på, er det meir enn ei ti-dobling av årsbudsjettet som vil gjera oss i stand til ein heilt annan lokalvalkamp om to år enn vi gjorde i 2007.

Når det gjeld regjeringsspørsmålet er det viktige at vi snøggast råd kjem med på dei nasjonale meiningsmålingane. Då trur eg vi temmeleg kjapt vil stabilisera oss minst på same nivå som Raudt, etter som media og dimed «folk flest» vil verta langt meir merksame på at vi finst. (Røynslene frå andre europeiske land syner at grøne parti har større veljarpotensiale enn ytre venstre, sjå berre til Sverige til dømes.) Tyder fleire målingar på at vi kan koma inn, medan løpet mellom regjeringsblokkene er tett, vil ei røyst til MDG vera ei røyst for oss i vippeposisjon, ikkje for ei høgreregjering. Då vert det sving på sakene!

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Kategorier

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00