av Jarle Fagerheim | 13. april, 2009  

Gjer oljefondet til eit framtidsfond!

45 % av folk i Noreg trur ikkje oljepengane vil vera der når vi treng dei, melder Dagens Næringsliv. I fjor tapte fondet 633 milliardar kroner (omlag tilsvarande dei samla skatte- og avgiftsinntektene same år!), trass i at rekordhøge 384 milliardar vart sprøyta inn i fondet i 2008.

Den offisielle grunngjevinga for oljefondet lyd slik: I lys av at pensjonsutgiftene i folketrygden vil øke sterkt gjennom de neste tiårene, er en betydelig fondsoppbygging i årene framover nødvendig for å unngå å skyve store byrder over på kommende generasjoner.

At pensjonsutgiftene vil auka i åra som kjem er på ingen måte noko særnorsk fenomen. «Eldrebylgja» slår inn over mange europeiske land og ikkje minst Japan. Ingen av desse landa har noko i nærleiken av eit fond tilsvarande 500.000 kroner per innbyggjar for å møta utfordringane (Wikipedia har oversyn over dei største fonda). Dei må finna utvegar gjennom smarte politiske løysingar, investeringar i reelle verdiar og teknologiutvikling, der vi i Noreg skal lena oss tilbake og la tiår med eksport av klimaendringar ta støyten.

Dagens Næringsliv-undersøkinga syner at folk i Noreg har lita tiltru til den rådande politikken. Miljøpartiet Dei Grøne går inn for å gjera oljefondet til eit grønt framtidsfond ved å omdisponera det til investeringar innan energi, infrastruktur og grønt næringsliv i Noreg, til internasjonal forsking innan klima- og miljøvenleg teknologi og økonomi, og til naudhjelp og utvikling i u-land. Slik kan oljepengane trass alt koma verda til gode i staden for å fordampa i møte med ikkje berre finanskrisa, men dei på mange måtar langt meir alvorlege klima- og ressurskrisene som må taklast i åra som kjem.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Eitt spørsmål: Når vart folkeopinionen noko å retta seg etter i økonomisk politikk? 45 % meiner at oljefondet ikkje kjem til å vera der; tidvis meiner 30 % at FrP er eit godt parti å røysta på.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Nei, folkeopinionen treng ikkje plent ha dei beste økonomiske ideane. Men vi kjem ikkje utanom at samfunnsendringar må vera forankra i folket. Eg meiner ein av hovudgrunnane til at dei grøne partia stort sett har stagnert mellom 5 og 15 %, og i nokre land (som Noreg …) ikkje eingong har kome forbi mikrostadiet, *trass i* at «folk flest» deler grøne kjerneverdiar som å ha ei jord til å leva på, meir tid til vener og familie osb, er at dei har mislukkast i å utvikla ein truverdig og handfast økonomisk politikk slik som t.d. sosialdemokratar og høgreliberale. Det er såleis ikkje utan grunn at Miljøpartiet Dei Grøne køyrer fram grøn økonomi som ei hovudsak i valkampen.

Elles må vi sjølvsagt alltid kunna grunngje politikken langt betre enn berre «45 % støttar oss», men det er ikkje noko i vegen for å gleda seg over at folkeopinionen i dette tilfellet faktisk ser ut til å ha meir vit enn både politikarar og økonomar flest.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Kategorier

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00