av Jarle Fagerheim | 10. april, 2009  

Uproblematisk ADHD-medisinering?

Frå 2006 til og med 2008 steig bruken av ADHD-medisinar med 55 prosent. Auka held fram mellom born og unge, men er endå større i aldersgruppa 20-60 år. Ifylgje overlækjar Nils Olav Aanonsen er dette ikkje noko å uroast over. Men kan det verkeleg vera eit teikn på eit sunt samfunn at fleire og fleire må behandlast med amfetamin-liknande stoff som Metylfenidat (Ritalin)?

Eg er sjølvsagt uroa over side- og langtidsverknadene av stoff som samfunnet i andre samanhengar (når «medisin» vert til «narkotika») ikkje nølar med å framheva, jamvel overdriva, konsekvensane av. Men her vil eg ta opp ei anna, og minst like viktig side av saka: Korleis diagnosane gjer oss blinde både for samfunnet vi lever i, og andsynes medmenneske.

ADHD er i stor grad ein sosial diagnose. Mellom kriteria i diagnosemanualen DSM-IV finn vi «problematisk» åtferd som:

  • Er ofte ikke oppmerksom på detaljer, eller gjør slurvefeil med lekser, arbeid eller andre aktiviteter
  • Er ofte urolig med hendene eller føttene, eller har vanskelig med å sitte stille. Forlater ofte plassen i klasserommet eller andre situasjoner der det forventes at man blir sittende.
  • Snakker urimelig mye
  • Plumper ofte ut med svaret før spørsmålet er blitt ferdigstilt
  • Har ofte vansker med å vente på tur

Brot på kulturelle normer som «sit roleg i klasserommet» og «gjer leksene dine grundig» vert slik sette i samanheng med kjemisk ubalanse i hjernen, som må rettast opp ved bruk av sentralstimulerande stoff. Dette er sjølvsagt berre éi side ved saka, eg utelukkar på ingen måte at ADHD kan vera rett diagnose for nokre, og nektar ikkje for at medisinar som Ritalin hjelper mange til å takla kvardagen. Men det er ingen tvil om at dei sosiale omgjevnadene – heim, skule, arbeidsplass – spelar ei stor rolle i å skapa grunnlaget for diagnosen. Burde ikkje då psykiatrien ta nettopp dei sosiale sidene meir på alvor?

For å ta det eg sjølv kjenner best til, skuleverket. Den norske einskapsskulen skapar tilpassings- og åtferds«problem» i fleng. Problemet er ikkje at elevar frå ulik bakgrunn med ulike evner er samla på ein stad, men snarare at undervisninga er for einsidig retta mot «gjennomsnittseleven» og at valfridom og høve til individuell tilpassing knappast eksisterer dei fyrste 10 åra. Skuledagane er i utgangspunktet lange (og går det som SV vil, vert dei endå lengre), og all undervisning er i prinsippet obligatorisk.

Eg skjønar godt at det å sitja i eit klasserom 4-6 timar om dagen i 10 år og læra det som står i læreplanen i det tempoet og på den måten politikarar, byråkratar og lærarar fastset, kan føra til visse former for uynskt åtferd. Skulle det vera noka overrasking? Når ein elev som ikkje taklar einsretting og tvang nektar å sitja stille i klasserommet, er det ikkje likså mykje skulen det er noko gale med som eleven?

Det er jo så mykje enklare å gje ein elev ei pille enn å gjera noko med utdanningsmaskineriet. Men er det god nok grunn til å la diagnosar som ADHD blinda oss i møtet med samfunnsproblem? Kva tid får vi psykiatarar som òg kan diagnostisera læreplanen og undervisningsopplegget?

Så langt om ADHD og samfunnet. Kva gjer diagnosane med menneskesynet vårt? Sosionom Øyvind Kalsås uttrykte det treffande i Morgenbladet for eit par år sidan:
Istedenfor å lete etter flere beskrivelser og ut fra dette kunne komme frem til flere mulige løsninger, blir vi «låst fast» i beskrivelsen ADHD, med dens ledende forslag til løsninger [...] Dersom vi beskriver slik: «Når Leif Roar har vansker med å se sammenhenger, fremstår han urolig», eller «Leif Roar fremstår urolig og uoppmerksom når han ikke kjenner seg trygg», peker dette mot andre løsninger enn medisinering.

Dette vil aldri vera eit utelukkande «medisinfagleg» spørsmål. Det handlar om kva slags samfunn vi ynskjer oss og kva menneskesyn vi har. Eg ynskjer meg eit mangfaldig samfunn der alle får så frie taumar som mogleg til å utfalda seg, med stort rom for både impulsivitet og overlegg, både rastløyse og ro; eit samfunn der vi ser kvarandre fyrst og fremst som medmenneske heller enn merkelappar.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Bare å putte i seg.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Gjør ikke stort annet enn å øke konsentrasjonen, og prestasjonsevnen.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Fungerer jeg

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Putt det i deg selv.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Tok opp temaet for en stund tilbake med følgende historie fra virkligheten.

http://20192.vgb.no/?s=adhd

;-)

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Det må bare gi etter, og vi blir friskmeldt til slutt. Snørr.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

@Bohemens: Flott historie!

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

I tillegg har vi nå en skole hvor valgfagene er tatt bort. Elevene tvinges istedenfor til å velge fremmedspråk 2. Vi burde ha fått tilbake ” de frie oasene” der ungene kunne få utfolde seg med praktiske aktiviteter.

Både yrkesrettede linjer på videregående skoler og ungdomsskolen har blitt alt for teoretisk. Derfor vil flere og flere elever få problemer med å tilpasse seg.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Jeg tror det her er snakk om økonomi. Det er billigere og mindre tidkrevende “å sløve ned og berolige” enn å gripe fatt i årsaker til problemer.

Mitt inntrykk er at det man ikke finner årsaken til umiddelbart, ofte blir avfeid med ADD eller ADHD.

Jeg har som lærer i kontakt med BUP vært med å observere elevatferd ved å fylle ut tildelt skjema. Disse brukes av BUP for å vurdere/evaluere medisinbruk og for å hjelpe dem i å stille diagnoser.

Det sier seg selv at konklusjonene da kan bli veldig tilfeldige og subjektive, alt etter lærerens subjektive oppfattelse og menneskesyn og om eleven har en god eller dårlig periode.

Har blitt fortalt ved utprøving av piller at de som har diagnosen bli beroliget, mens hos “de friske” har det motsatt effekt. Derfor er prøvemedisinering en del av diagnostiseringen.

Til tross for dette har jeg opplevd å spørre en av mine tidligere elever( Med diagnose) om han hadde gått over til en ny type medisin fordi han endret atferd dramatisk i positiv retning på kort tid. Eleven fortalte meg at han ikke gadd å ta medisinen fordi han mistet matlysten.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

God artikkel, Jarle. Slik du påpeiker, verkar det som me er vitne til ein tendens mot bruk av kjemikalium mot psykosomatiske lidingar generelt, ikkje berre ADHD, som knapt kan seiast å vera uproblematisk.

Det er vanskeleg å sleppa til med innvendingar i denne saka fordi me som lekfolk står overfor eit profesjonalisert medisinsk miljø som kan visa til kompetansen sin og avfeia desse bekymringane som usaklege – men det er livsviktig at me som står «utanfor» nyttar høvet vårt til å stella kritiske spørsmål og debattera det me opplever sjølv om me ikkje har den same faglege kunnskapen.

Eg kjenner fleire som har fått diagnosar som depresjon, ADHD og Tourettes syndrom som – for meg som lekmann – verkar vera heilt «normale», og som òg ville ha vorte opplevde som akkurat det dersom omgjevnadene berre låg betre til rettes for individuelle ulikskapar mellom folk.

Sjølv om eg reknar meg som vitskapsoptimist og har stor tiltru til skulemedisinen, trur eg det er på tide å granska det komplekse samspelet av tids-, penge- og ressursmangel, konformitetsjag og einskapsskule og kunnskapsløyse som gjer at medisinske fagfolk ser seg nøydde til – for me kan vel knappast leggja til grunn at lækjarar og psykologar flest meiner at det er optimalt å ty til medisinering for å få bukt med desse problema – å skriva ut piller snarare enn å kunna gå meir grunnleggjande til verks for å hjelpa dei som slit.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Rigmor: Eg ser ikkje noko motsetnadsforhold mellom obligatorisk andre framandspråk og meir leik og kreativitet i skulen. Eg trur båe er viktige for å leggja til rettes for at menneske kan verta meir enn nyttige arbeidarar i den marknadsliberale maurtuva. Framandspråka må til for at folk skal kunna ta til seg det som skjer andre stader enn i Angloamerika; kunstfaga trengst for å gje alle eit nokolunde likt utgangspunkt dei kan tileigna seg kunst og kultur frå, slik at desse områda av den menneskelege røynsla ikkje vert noko berre den økonomiske og sosiale eliten har tilgjenge til. Alle skal med, som dei seier i eit anna parti.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

@Eirik: Ja, det kan vera vanskeleg å sleppa til. Men så må vi ikkje gløyma at fleire og fleire fagfolk er uroa over utviklinga, sjå t.d. ein kronikk “Urovekkende utvikling rundt ADHD” skriven av psykolog Espen Idås i BT i 2006: http://www.bt.no/meninger/kronikk/article248565.ece

– for ikkje å nemna Joar Tranøy, listekandidat for MDG i Oslo, psykolog med tre ulike kandidatgrader og magistergrad i kriminologi, kjend psykiatrikritikar og medforfattar av boka /ADHD. Piller på avveie./ http://www.barnasrett.no/joar_tranoy/artikler.htm

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Eirik: Obligatorisk fremmedspråk 2 representerer nok et teoretisk fag for elever som sliter faglig i skolen. Skolen bør heller la disse få anledning til å velge innenfor praktiske emner. Vi har ulike typer elever og skolen må gi et tlpasset tilbud til alle

Forøvrig synes jeg fremmedspråk 2 er et flott valgfag, og bør være et tilbud til de som ønsker det. Jeg er helt i mot at elever skal tvinges til å velge språk de ikke ønsker.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

I bloggen nevnes SV sitt ønske om heldagsskole. Det er skremmende at det er så stor politisk enighet om dette. Heldigvis har både senterpartiet og venstre satt ned foten i dette spørsmålet.

Vil anbefale alle å lese denne linken:

http://folk.uio.no/cbeck/HELDAGSSKOLE-Christian.htm

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

(Seint ute med å kommentera dette. Ja, ja.)

Eirik skreiv:
Eg kjenner fleire som har fått diagnosar som depresjon, ADHD og Tourettes syndrom som – for meg som lekmann – verkar vera heilt «normale», og som òg ville ha vorte opplevde som akkurat det dersom omgjevnadene berre låg betre til rettes for individuelle ulikskapar mellom folk.

Eg ser poenget, men det handlar vel ikkje nødvendigvis om å medisinera folk for at dei skal verta meir “normale” – medisinen kan òg hjelpa personen til å få eit betre liv, slik Jarle er inne på. Om til dømes ein person sluttar å ha sjølvmordstankar etter å ha byrja på antidepressivar, ser eg ikkje noko gale i det.

Rigmor skreiv:
Jeg er helt i mot at elever skal tvinges til å velge språk de ikke ønsker.

Gjeld dette alle språk? Til dømes, er du òg mot at ein elev skal læra engelsk, jamvel om ho/han ikkje vil?

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Synnøve: Jeg er ikke i mot at elevene skal lære engelsk. Derfor har jeg ikke heller ikke påpekt dette. Engelsk hører inn under de obligatoriske fagene og slik bør det være.

Når jeg sier at elevene blir tvunget til å velge språk de ikke ønsker, er det fordi elevene kun tilbys å velge språk som valgfag.

Derfor fungerer det veldig dårlig for elever som sliter med teoretiske fag. Jeg arbeider selv som lærer og spesialpedagog i skolen og snakker daglig med elever som faller utenfor den stadig mer teoretiske skolehverdagen. For disse hadde det vært befriende å kunne velge et praktisk fag.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Kategorier

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00