Frå 2006 til og med 2008 steig bruken av ADHD-medisinar med 55 prosent. Auka held fram mellom born og unge, men er endå større i aldersgruppa 20-60 år. Ifylgje overlækjar Nils Olav Aanonsen er dette ikkje noko å uroast over. Men kan det verkeleg vera eit teikn på eit sunt samfunn at fleire og fleire må behandlast med amfetamin-liknande stoff som Metylfenidat (Ritalin)?
Eg er sjølvsagt uroa over side- og langtidsverknadene av stoff som samfunnet i andre samanhengar (når «medisin» vert til «narkotika») ikkje nølar med å framheva, jamvel overdriva, konsekvensane av. Men her vil eg ta opp ei anna, og minst like viktig side av saka: Korleis diagnosane gjer oss blinde både for samfunnet vi lever i, og andsynes medmenneske.
ADHD er i stor grad ein sosial diagnose. Mellom kriteria i diagnosemanualen DSM-IV finn vi «problematisk» åtferd som:
- Er ofte ikke oppmerksom på detaljer, eller gjør slurvefeil med lekser, arbeid eller andre aktiviteter
- Er ofte urolig med hendene eller føttene, eller har vanskelig med å sitte stille. Forlater ofte plassen i klasserommet eller andre situasjoner der det forventes at man blir sittende.
- Snakker urimelig mye
- Plumper ofte ut med svaret før spørsmålet er blitt ferdigstilt
- Har ofte vansker med å vente på tur
Brot på kulturelle normer som «sit roleg i klasserommet» og «gjer leksene dine grundig» vert slik sette i samanheng med kjemisk ubalanse i hjernen, som må rettast opp ved bruk av sentralstimulerande stoff. Dette er sjølvsagt berre éi side ved saka, eg utelukkar på ingen måte at ADHD kan vera rett diagnose for nokre, og nektar ikkje for at medisinar som Ritalin hjelper mange til å takla kvardagen. Men det er ingen tvil om at dei sosiale omgjevnadene – heim, skule, arbeidsplass – spelar ei stor rolle i å skapa grunnlaget for diagnosen. Burde ikkje då psykiatrien ta nettopp dei sosiale sidene meir på alvor?
For å ta det eg sjølv kjenner best til, skuleverket. Den norske einskapsskulen skapar tilpassings- og åtferds«problem» i fleng. Problemet er ikkje at elevar frå ulik bakgrunn med ulike evner er samla på ein stad, men snarare at undervisninga er for einsidig retta mot «gjennomsnittseleven» og at valfridom og høve til individuell tilpassing knappast eksisterer dei fyrste 10 åra. Skuledagane er i utgangspunktet lange (og går det som SV vil, vert dei endå lengre), og all undervisning er i prinsippet obligatorisk.
Eg skjønar godt at det å sitja i eit klasserom 4-6 timar om dagen i 10 år og læra det som står i læreplanen i det tempoet og på den måten politikarar, byråkratar og lærarar fastset, kan føra til visse former for uynskt åtferd. Skulle det vera noka overrasking? Når ein elev som ikkje taklar einsretting og tvang nektar å sitja stille i klasserommet, er det ikkje likså mykje skulen det er noko gale med som eleven?
Det er jo så mykje enklare å gje ein elev ei pille enn å gjera noko med utdanningsmaskineriet. Men er det god nok grunn til å la diagnosar som ADHD blinda oss i møtet med samfunnsproblem? Kva tid får vi psykiatarar som òg kan diagnostisera læreplanen og undervisningsopplegget?
Så langt om ADHD og samfunnet. Kva gjer diagnosane med menneskesynet vårt? Sosionom Øyvind Kalsås uttrykte det treffande i Morgenbladet for eit par år sidan:
Istedenfor å lete etter flere beskrivelser og ut fra dette kunne komme frem til flere mulige løsninger, blir vi «låst fast» i beskrivelsen ADHD, med dens ledende forslag til løsninger [...] Dersom vi beskriver slik: «Når Leif Roar har vansker med å se sammenhenger, fremstår han urolig», eller «Leif Roar fremstår urolig og uoppmerksom når han ikke kjenner seg trygg», peker dette mot andre løsninger enn medisinering.
Dette vil aldri vera eit utelukkande «medisinfagleg» spørsmål. Det handlar om kva slags samfunn vi ynskjer oss og kva menneskesyn vi har. Eg ynskjer meg eit mangfaldig samfunn der alle får så frie taumar som mogleg til å utfalda seg, med stort rom for både impulsivitet og overlegg, både rastløyse og ro; eit samfunn der vi ser kvarandre fyrst og fremst som medmenneske heller enn merkelappar.
