av Jarle Fagerheim | 9. april, 2009  

Pass og personvern

Reiseglad som eg er, skulle eg her om dagen få meg nytt pass. Etter to timar venting på Sentrum politistasjon vart det så endeleg min tur. Byråkraten bak skranken tasta inn personopplysingane mine, såg at det mildt sagt lite sympatiske passbiletet mitt var i samsvar med reglane, alt i orden. – Du får passet i posten innan 10 dagar.

I posten? Ja, for «alle pass sendes som ordinær post. Skulle alle pass sendes som rekommandert post, ville dette kostet NOK 19-20 millioner per år. Denne utgiften står ikke i forhold til hva man ville oppnådd. Passet som sendes som ordinær post er så godt sikret mot manipuleringer/forfalskninger at dette ikke skal representere noe problem», forsikrar politiet. At dei færraste har låst postkasse, og at politiet ved å senda pass som vanleg brev ikkje kan kontrollera kven som faktisk får hand om passet, er mindre viktig enn å spara 10-20 direktør-årsløner.

I USA vert 10 millionar menneske kvart år utsette for identitetstjuveri. Tilsvarande tal for Noreg finst ikkje, men dersom det skulle vera like vanleg her vil kvar innbyggjar i snitt oppleva dette 2-3 gonger i livet, ifylgje Datatilsynet. Det stemmer at moderne pass er godt sirka mot manipuleringar og forfalskingar, men det er ille nok at alle som veit kvar postkassa di er skal kunna fiska ut alle vitale opplysingar om deg.

Rett nok: «Dersom du ikke ønsker å få passet sendt hjem til deg som ordinær post, kan du velge å hente passet hos politiet når passet er ferdig produsert». Det var ikkje fullt så enkelt i mitt tilfelle, eg måtte nærast krangla meg til å få henta passet personleg, men det gjekk no til slutt.

Den digitale teknologien byd på fantastiske gode, men òg på nye problem. Miljøpartiet Dei Grøne vil oppdatera lovgjevinga for å hindra identitetstjuveri. Å gje politiet dei 20 millionane for at dei skal handsama pass på ein forsvarleg måte ville vera eit steg på vegen.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Kvifor gjere det enkelt.. Når ein kan lage ein heil masse reglar.

Forresten..
Trudde nesten det var meg innlegget handla om :-D ..når eg såg det på framsida.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Vel, om eg minnest rett så sende dei pass rekommandert inntil for eit par år sidan. Men då var passa dobbelt så dyre, og folk klaga over dét. Det er ikkje lett å gjera alle til lags, men alternativet med å henta passet på stasjonen er jo der, og dei skal eigentleg ikkje krangla på det.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Oj! Jeg hadde også stusset på at et pass skulle sendes i vanlig post! Når til og med bankkort/-koder sendes på en slik måte fra enkelte banker slik at du må møte opp på postkontoret og bekrefte din identitet med legitimasjon!
Kostnaden ved å sende rek. kan man jo glatt legge inn i gebyret for de som ikke henter passet på stasjonen!

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

@sillyme: Ja, er ikkje det eit paradoks at bankane er strengare enn staten. Med PUM (”personlig utlevering mottaksbevis”) er det ikkje eingong mogleg å gje nokon annan fullmakt til å henta sendinga for deg. På same måte som kvitvaskingslova tvingar t.d. Skandiabanken til å gjera dette når folk opnar konto, burde forbetra lovgjeving mot ID-tjuveri kunna tvinga politiet og andre som sender personnummer o.l. til å bruka tryggare måtar enn vanleg brev.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Da jeg fikk nytt pass var det ikke engang snakk om å få det tilsendt i posten. Jeg fikk beskjed om å møte opp på mitt lokale politikontor for å hente det ut.. Måtte jo kvittere for å ha mottatt det og..

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

@Morten: Pass for vaksne kostar no 450 kroner. Å senda rekommandert kostar ein hundrelapp, mindre for storkundar som kan senda “tilrettelagt”. Det skulle knappast gje ei dobling i prisen. Ei anna sak er at pass — prov på norsk statsborgarskap — vel burde reknast som eit minstemål av det staten gjev borgarane sine gratis (eller “minstemål av det statsborgarane burde finansiera i fellesskap over skattesetelen” …)

@hipors: Eg fekk utlevert passet etter å ha sagt etternamnet mitt … Vel er passet i seg sjølv “legitimasjon” nok, men ho som gav meg det såg jo nesten ikkje på meg. Inga kvittering heller, berre “versogod”.

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

[...] skrev Jarle Fagerheim (MDG) om pass og personvern her på VGB. Han påpekte svakheter ved utsendelse av pass – som skjer ved hjelp av vanlig post [...]

Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Kategorier

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00