av Jarle Fagerheim | 16. november, 2009  

Ny heimeside

Eg forlèt den aktive partipolitikken og har laga meg ein ny heim på verdsveven jarle.organisten.no. Velkomen dit!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Jarle Fagerheim | 31. juli, 2009  

No livnar det i lundar …

Mykje å gjera på partikontoret og lite tid til blogging i det siste. Men det varmar eit grønt hjarta å sjå at partiet held fram å veksa, og at stendig fleire legg merke til at det finst eit grønt alternativ å røysta på i år. Sist ut er bloggen Beates rasteplass, der bloggaren på få liner går frå å vurdera å røysta MDG til å melda seg inn. Kommentarar som denne er slikt som gjer livet på kontoret verdt å leva:

Dette her ble visst kjærlighet med første lesning av partiprogram. Jeg meldte meg inn jeg. Det hadde jeg aldri trodd jeg kom til å gjøre med noe parti. Men når noen sitter og utarbeider et program som jeg bare kan sitte og nikke til og sier mer eller mindre alt om det jeg har tenkt om det meste av det de tar opp, hva kan man gjøre da, uten å rope HURRA!

Velkomen på laget, Beate. No tek vi Stortinget med storm!

(Er du i tvil om kva du skal røysta? Ta den einaste partitesten som tek med alle landsdekkjande parti.)

… no lauvast det i lid. Den heile skapning stundar, no fram til valdags tid. (Fritt etter Blix.)

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Jarle Fagerheim | 28. juni, 2009  

MDG større enn Senterpartiet!

Eg melde overgang frå raude venstresida til Miljøpartiet Dei Grøne sumaren 2005, og fekk med meg innspurten av ein valkamp som gav 3652 røyster på landsbasis. 0,1 % er ikkje stort å skryta av. Men alt i 2007 hende det noko, då røystetalet meir enn tredobla seg til 12 379 (0,6 %) i fylkestingsvalet (trass i at veljarane i Hedmark, Finnmark, Buskerud og Telemark ikkje hadde noka grøn liste å røysta på i det heile).

Dei siste åra har vi arbeidt systematisk med å vidareutvikla den grøne politikken og byggja ein meir slagkraftig partiorganisasjon. På torsdag, 80 dagar før valet, fekk vi det mest handfaste provet på framgang så langt: på ei meiningsmåling for Sandefjords Blad fekk MDG 1,5 %, og er med det større enn både Senterpartiet og Raudt i Vestfold.

Dersom dette skulle slå til på landsbasis ville det for MDG innebera ei auke på heile 1000 % frå 2005 – og tilsvarande meir økonomisk støtte frå staten, som ville leggja grunnlaget for eit større gjenombrot i lokalvalet 2011. For ein start på valkampsumaren!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Jarle Fagerheim | 26. april, 2009  

Oljepartiet Venstre

Venstre-nestleiar Ola Elvestuen er ein mann av store ord, no sist i klimapolitikken. – Vi har en mer ambisiøs og konkret politikk på dette området enn noe annet parti. Støtteordninger skal sikre at vi kommer i gang med produksjonen av fornybar energi, skattepolitikken skal dreies fra rødt til grønt og samferdselspolitikken har klare mål for jernbanen, seier han til Dagbladet. Venstre vil kutta CO2-utslepp med 25 % frå 1990-nivået innan 2020, og Elvestuen kan forsikra veljarane om at «ingen andre partier har tilsvarende ambisjoner».

Ein ting er kva eit parti seier det vil gjera – kva det faktisk gjer er ofte ei anna sak. Lat oss sjå på Noregs viktigaste klimapolitiske sak, oljeutvinninga. Stortinget har i denne perioden hatt føre nokre utbyggingssaker. Kva har Venstre gjort?

Gjøa, Vega og Vega sør (Nordsjøen)
Venstre-representant Gunvald Ludvigsen: – Venstre sluttar seg til planane for utvikling av ressursane på Gjøa. Det er store positive effektar knytte til prosjektet i form av sysselsetjing og aktivitet innanfor industrien. Vi har merka oss at departementet meiner utbygginga kan bli gjennomført innanfor akseptable rammer for miljø, fiskeri og tryggleik.

Utbygginga vart vedteken, med røystene frå Venstre (og alle andre parti).

Skarv i Norskehavet
Venstre-representant og leiar i energi- og miljøkomiteen Gunnar Kvassheim: – Venstre kommer til å stemme for å gi Olje- og energidepartementet samtykke til å godkjenne utbygging og drift av Skarv. Det er et prosjekt som kan framskaffe betydelige mengder med olje og gass, og som kan bidra til verdiskaping og betydelige inntekter. Det må også forventes at lokalmiljøet og den aktuelle landsdelen får betydelig glede av utbyggingen gjennom arbeidsplasser og aktivitet.

Utbygginga vart samrøystes vedteken.

Tyrihans i Norskehavet
Merknad til innstillinga frå energi- og miljøkomiteen: – Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Venstre ser positivt på utbyggingen og driften av Tyrihans, og at dette utbyggingsprosjektet vil kunne bli et viktig bidrag til den totale produksjonen av petroleum og til aktivitetsnivået på norsk sokkel.

Utbygginga vart, giss éin gong, samrøystes vedteken.

Anten «miljøpartiet» heiter Venstre, SV, KrF eller noko anna: alle stortingspartia er rørande samde om at olje- og gassutvinning i hovudsak er eit gode. Det er bra at SV og Venstre seier klårt nei til olje utanfor Lofoten og Vesterålen, men den gode miljøpolitikken rekk ikkje vidare til Norskehavet og Nordsjøen.

Lovar Venstre bot og betring i den komande perioden? Det læt jo bra i stortingsprogrammet: – Norge må gå fra å være en fossilnasjon til å bli en fornybar nasjon, fra fossilnæring til fornybar og framtidsrettet næring. Derfor skal den totale utvinningen av olje og gass ikke økes, men over tid reduseres.

Kva vil så partiet med den «mest ambisiøse og konkrete» klimapolitikken faktisk setja i verk av tiltak? Jau: – At nye konsesjoner til olje- og gassaktivitet ikke skal øke den samlede utvinningen.

Slik kan Venstre halda fram med å røysta stort sett som før i Stortinget. Den samla utvinninga av olje nådde nemleg toppen i 2000 (sjølvaste Helge Lund talar no om «Peak Oil» på norsk sokkel), og Olje- og energidepartementet reknar med at den samla petroleumsutvinninga (inkludert gass) vil nå toppen i desse dagar med vidareføring av «bygg ut mest mogleg-politikken».

Det er altså lite sannsynleg at den samla utvinninga på norsk sokkel vil auka same kva Stortinget føretek seg. Spørsmålet er ikkje om olje- og gassutvinninga skal reduserast, men kor mykje og kor fort.

I 2002 kom Olje- og energidepartementet med ein interessant prognose for olje- og gassutvinninga:

Stortingsmelding 38, 2001-2002

Kjelde: Stortingsmelding 38, 2001-2002

«Den langsiktige utviklingsbanen» er det som eg omtala som «bygg ut mest mogleg-politikken». «Forvitringsbanen», for å sitera departementet, «illustrerer en utvikling av virksomheten på norsk kontinentalsokkel hvor næringen og myndighetene sier seg tilfreds med hva som er oppnådd, høster av de investeringene som er foretatt og fører en politikk som bidrar til at olje- og gassvirksomheten relativt raskt fases ut. Langs forvitringsbanen stagnerer utviklingen av norsk kontinentalsokkel og olje- og gassnæringen i Norge i løpet av de kommende 10–20 årene.»

Stortinget har sidan 2002 lagt opp til å fylgja den «langsiktige» (departementsspråk for «fossile, ureinande, klimaøydeleggjande og korttenkte») banen, men det er fullt mogleg å byta kurs. Ei styrt avvikling av norsk petroleumsverksemd ved å stansa all vidare leiting og utbygging vil gje ei rask nedtrapping av utsleppa, og setja fart på omstillinga til ein framtidsretta økonomi. Miljømedvitne Venstre-veljarar er velkomne til å røysta på eit parti som tek dette på alvor.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Jarle Fagerheim | 16. april, 2009  

Miljøpartiet Dei Grøne om kultur, helse og utvikling

NRK står fast på planane sine, trass i utspel frå Trond Giske om at dei burde gje småpartia meir merksemd. «Det kan for eksempel være naturlig for oss å få Pensjonistpartiets syn hvis pensjonsspørsmål blir tema i valgkampen. Det samme kan være tilfelle for De grønne i samband med miljøspørsmål, men ikke noe parti vil få «carte blanche» i vår valgkampdekning» uttalar Jon Gelius i NRK i samband med politisk reklame-saka.

Det ville utan tvil vera eit stort steg i rett retning om NRK gjekk frå å ikkje omtala Miljøpartiet Dei Grøne i det heile til å omtala partiet i miljøsaker. Men like lite som Arbeidarpartiet berre har politikk for «arbeid», har MDG politikk berre for miljø.

Nokre smakebitar på tiltak MDG går inn for i arbeidsprogrammet:

Kultur: Reglar som i endå sterkare grad avgrensar eigarkonsentrasjon i mediabransjen; betre støtteordningar for kunstnarar og kunstorganisasjonar; oppretting av fleire kunstnarhus med gratis eller rimelege atelier og fellesverkstader; auka tilskot til offentleg kunst, mellom anna ved å auka den delen av byggekostnadene for offentlege nybygg som går til utsmykking; å sikra støtta til «smale» forlag og til omsetjing av utanlandsk litteratur; å gi folkebiblioteka auka ressursar til utlånsmateriell, brukarvenlege lokale og opningstider.

Helse: At all helsepolitikk blir sett i samanheng med andre sektorar i samfunnet, slik at førebygging blir teke langt alvorlegare enn i dag; å styrka samarbeidet mellom somatisk og psykiatrisk medisin, psykologi og ernæringsfag; sunn mat, inkludert vegetariske alternativ, i alle offentlige institusjoner; forbod mot brusautomatar på skular; auka forsking på helsekonsekvensar av elektromagnetisk stråling; ei grundig revurdering av helseføretaksmodellen og bruken av stykkprisfinansiering; at legemiddelfirma blir erstatningsansvarlege for skader som følgje av lovleg legemiddelbruk.

Utvikling: At norsk bistandsarbeid blir bygt på prinsippet om hjelp til sjølvhjelp; at sjølvstendiggjering av kvinner skal vera ein målsetnad i alt bistandsarbeid; at ein betydeleg del av det norske oljefondet skal brukast til utviklingsarbeid i FN-regi; lokal eller nasjonal kontroll over jord, vatn, såvarer og teknologi; økologisk landbruk som strategi for å sikra matjord, vatn, biomangfald og lokal sjølvråderett; forbod mot GMO i landbruket; nei til patentrettar på planter, dyr, genar og gensekvensar; strengare regulering av kapitalrørsler over landegrensene; avvikling av skatteparadis; at u-land får verna delar av marknadene sine med sjølvbestemde tollgrenser, særskilt innan mat og nystarta industri; at Noreg blir den første Fairtrade-staten i verda.

Miljøpartiet Dei Grøne stiller lister i alle fylke og har politikk for alle samfunnsområde. Vi gleder oss til NRK gjer ei retteleg journalistisk vurdering og tek oss med i valkampdekkinga.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Jarle Fagerheim | 13. april, 2009  

Gjer oljefondet til eit framtidsfond!

45 % av folk i Noreg trur ikkje oljepengane vil vera der når vi treng dei, melder Dagens Næringsliv. I fjor tapte fondet 633 milliardar kroner (omlag tilsvarande dei samla skatte- og avgiftsinntektene same år!), trass i at rekordhøge 384 milliardar vart sprøyta inn i fondet i 2008.

Den offisielle grunngjevinga for oljefondet lyd slik: I lys av at pensjonsutgiftene i folketrygden vil øke sterkt gjennom de neste tiårene, er en betydelig fondsoppbygging i årene framover nødvendig for å unngå å skyve store byrder over på kommende generasjoner.

At pensjonsutgiftene vil auka i åra som kjem er på ingen måte noko særnorsk fenomen. «Eldrebylgja» slår inn over mange europeiske land og ikkje minst Japan. Ingen av desse landa har noko i nærleiken av eit fond tilsvarande 500.000 kroner per innbyggjar for å møta utfordringane (Wikipedia har oversyn over dei største fonda). Dei må finna utvegar gjennom smarte politiske løysingar, investeringar i reelle verdiar og teknologiutvikling, der vi i Noreg skal lena oss tilbake og la tiår med eksport av klimaendringar ta støyten.

Dagens Næringsliv-undersøkinga syner at folk i Noreg har lita tiltru til den rådande politikken. Miljøpartiet Dei Grøne går inn for å gjera oljefondet til eit grønt framtidsfond ved å omdisponera det til investeringar innan energi, infrastruktur og grønt næringsliv i Noreg, til internasjonal forsking innan klima- og miljøvenleg teknologi og økonomi, og til naudhjelp og utvikling i u-land. Slik kan oljepengane trass alt koma verda til gode i staden for å fordampa i møte med ikkje berre finanskrisa, men dei på mange måtar langt meir alvorlege klima- og ressurskrisene som må taklast i åra som kjem.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Jarle Fagerheim | 11. april, 2009  

Kva med oljeutvinninga, Haga?

«Det er en betydelig fare for at min generasjon politikere kan bli stående igjen som de som ikke tok miljøutfordringen alvorlig nok», skriv Åslaug Haga i Dagsavisen. «Politikere i Norge kan risikere å bli spesielt hardt dømt av to grunner: Norge er en betydelig eksportør av forurensende petroleum [mi framheving] og forvalter en rikdom som gir et handlingsrom for politiske grep som de færreste land har mulighet til. Mange av oss ønsker at Norge skal være et foregangsland i miljøpolitikken og samtidig en betydelig eksportør av energi. Jeg mener det er mulig å fylle begge roller også framover, men det vil kreve betydelig politisk vilje.»

Etter denne lovande innleiinga greier Haga i 9 avsnitt å unngå kjernen i saka: Korleis kan Noreg vera ein «klimanasjon» samstundes som vi er den 5. største eksportøren av olje den 3. største av gass?

Haga er ikkje åleine, korkje i Senterpartiet eller norsk politikk generelt. I det nye SP-programmet kan vi lesa fylgjande*: Ny utvinningsteknologi har ført til at en stadig større del av oljereservene kan utvinnes. Slik teknologiutvikling fører til bedre ressursutnytting i form av økt utvinning i eksisterende oljefunn- og felt, men ny teknologi og høye energipriser gjør at flere områder som ikke tidligere var lønnsomme nå kan være det. [...] Senterpartiet vil offensivt utnytte de mulighetene norske naturressurser og norsk olje og gass gir til industrireising, verdiskaping og arbeidsplasser i Norge.

Oljeutvinning er energikrevjande, og ifylgje SSB står oljeindustrien for ein fjerdedel av norske klimautslepp. Det er likevel mindre enn halve sanninga, ettersom størsteparten av utsleppa finn stad når drivstoffet vert bruka – i industri, trafikk og heimar over heile verda. Tek vi med desse utsleppa som norsk oljeeksport er årsak til, står Noreg med mindre enn 0,7 % av alle menneska i verda for 2,7 % av dei samla klimagassutsleppa.

Miljøpartiet Dei Grøne går inn for eit 20 års moratorium mot leiting etter nye olje- og gasskjelder på norsk territorium, gradvis nedtrapping av eksisterande petroleumsverksemd på norsk sokkel og at statlege selskap vert pålagde å fylgja opp dette også utanlands. Åslaug Haga er velkomen til å ta steget heilt ut og melda seg inn i eit parti som tek klimautfordringane på alvor, ikkje berre i ord som Senterpartiet i det nye partiprogrammet sitt, men i konkrete tiltak.

*: Teksten er henta frå framlegget frå programkomiteen, sidan det endeleg vedtekne programmet enno ikkje er å finna på senterpartiet.no. Så langt eg kan sjå var det ingen endringsframlegg til den siterte teksten.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Jarle Fagerheim | 10. april, 2009  

Uproblematisk ADHD-medisinering?

Frå 2006 til og med 2008 steig bruken av ADHD-medisinar med 55 prosent. Auka held fram mellom born og unge, men er endå større i aldersgruppa 20-60 år. Ifylgje overlækjar Nils Olav Aanonsen er dette ikkje noko å uroast over. Men kan det verkeleg vera eit teikn på eit sunt samfunn at fleire og fleire må behandlast med amfetamin-liknande stoff som Metylfenidat (Ritalin)?

Eg er sjølvsagt uroa over side- og langtidsverknadene av stoff som samfunnet i andre samanhengar (når «medisin» vert til «narkotika») ikkje nølar med å framheva, jamvel overdriva, konsekvensane av. Men her vil eg ta opp ei anna, og minst like viktig side av saka: Korleis diagnosane gjer oss blinde både for samfunnet vi lever i, og andsynes medmenneske.

ADHD er i stor grad ein sosial diagnose. Mellom kriteria i diagnosemanualen DSM-IV finn vi «problematisk» åtferd som:

  • Er ofte ikke oppmerksom på detaljer, eller gjør slurvefeil med lekser, arbeid eller andre aktiviteter
  • Er ofte urolig med hendene eller føttene, eller har vanskelig med å sitte stille. Forlater ofte plassen i klasserommet eller andre situasjoner der det forventes at man blir sittende.
  • Snakker urimelig mye
  • Plumper ofte ut med svaret før spørsmålet er blitt ferdigstilt
  • Har ofte vansker med å vente på tur

Brot på kulturelle normer som «sit roleg i klasserommet» og «gjer leksene dine grundig» vert slik sette i samanheng med kjemisk ubalanse i hjernen, som må rettast opp ved bruk av sentralstimulerande stoff. Dette er sjølvsagt berre éi side ved saka, eg utelukkar på ingen måte at ADHD kan vera rett diagnose for nokre, og nektar ikkje for at medisinar som Ritalin hjelper mange til å takla kvardagen. Men det er ingen tvil om at dei sosiale omgjevnadene – heim, skule, arbeidsplass – spelar ei stor rolle i å skapa grunnlaget for diagnosen. Burde ikkje då psykiatrien ta nettopp dei sosiale sidene meir på alvor?

For å ta det eg sjølv kjenner best til, skuleverket. Den norske einskapsskulen skapar tilpassings- og åtferds«problem» i fleng. Problemet er ikkje at elevar frå ulik bakgrunn med ulike evner er samla på ein stad, men snarare at undervisninga er for einsidig retta mot «gjennomsnittseleven» og at valfridom og høve til individuell tilpassing knappast eksisterer dei fyrste 10 åra. Skuledagane er i utgangspunktet lange (og går det som SV vil, vert dei endå lengre), og all undervisning er i prinsippet obligatorisk.

Eg skjønar godt at det å sitja i eit klasserom 4-6 timar om dagen i 10 år og læra det som står i læreplanen i det tempoet og på den måten politikarar, byråkratar og lærarar fastset, kan føra til visse former for uynskt åtferd. Skulle det vera noka overrasking? Når ein elev som ikkje taklar einsretting og tvang nektar å sitja stille i klasserommet, er det ikkje likså mykje skulen det er noko gale med som eleven?

Det er jo så mykje enklare å gje ein elev ei pille enn å gjera noko med utdanningsmaskineriet. Men er det god nok grunn til å la diagnosar som ADHD blinda oss i møtet med samfunnsproblem? Kva tid får vi psykiatarar som òg kan diagnostisera læreplanen og undervisningsopplegget?

Så langt om ADHD og samfunnet. Kva gjer diagnosane med menneskesynet vårt? Sosionom Øyvind Kalsås uttrykte det treffande i Morgenbladet for eit par år sidan:
Istedenfor å lete etter flere beskrivelser og ut fra dette kunne komme frem til flere mulige løsninger, blir vi «låst fast» i beskrivelsen ADHD, med dens ledende forslag til løsninger [...] Dersom vi beskriver slik: «Når Leif Roar har vansker med å se sammenhenger, fremstår han urolig», eller «Leif Roar fremstår urolig og uoppmerksom når han ikke kjenner seg trygg», peker dette mot andre løsninger enn medisinering.

Dette vil aldri vera eit utelukkande «medisinfagleg» spørsmål. Det handlar om kva slags samfunn vi ynskjer oss og kva menneskesyn vi har. Eg ynskjer meg eit mangfaldig samfunn der alle får så frie taumar som mogleg til å utfalda seg, med stort rom for både impulsivitet og overlegg, både rastløyse og ro; eit samfunn der vi ser kvarandre fyrst og fremst som medmenneske heller enn merkelappar.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

av Jarle Fagerheim | 9. april, 2009  

Pass og personvern

Reiseglad som eg er, skulle eg her om dagen få meg nytt pass. Etter to timar venting på Sentrum politistasjon vart det så endeleg min tur. Byråkraten bak skranken tasta inn personopplysingane mine, såg at det mildt sagt lite sympatiske passbiletet mitt var i samsvar med reglane, alt i orden. – Du får passet i posten innan 10 dagar.

I posten? Ja, for «alle pass sendes som ordinær post. Skulle alle pass sendes som rekommandert post, ville dette kostet NOK 19-20 millioner per år. Denne utgiften står ikke i forhold til hva man ville oppnådd. Passet som sendes som ordinær post er så godt sikret mot manipuleringer/forfalskninger at dette ikke skal representere noe problem», forsikrar politiet. At dei færraste har låst postkasse, og at politiet ved å senda pass som vanleg brev ikkje kan kontrollera kven som faktisk får hand om passet, er mindre viktig enn å spara 10-20 direktør-årsløner.

I USA vert 10 millionar menneske kvart år utsette for identitetstjuveri. Tilsvarande tal for Noreg finst ikkje, men dersom det skulle vera like vanleg her vil kvar innbyggjar i snitt oppleva dette 2-3 gonger i livet, ifylgje Datatilsynet. Det stemmer at moderne pass er godt sirka mot manipuleringar og forfalskingar, men det er ille nok at alle som veit kvar postkassa di er skal kunna fiska ut alle vitale opplysingar om deg.

Rett nok: «Dersom du ikke ønsker å få passet sendt hjem til deg som ordinær post, kan du velge å hente passet hos politiet når passet er ferdig produsert». Det var ikkje fullt så enkelt i mitt tilfelle, eg måtte nærast krangla meg til å få henta passet personleg, men det gjekk no til slutt.

Den digitale teknologien byd på fantastiske gode, men òg på nye problem. Miljøpartiet Dei Grøne vil oppdatera lovgjevinga for å hindra identitetstjuveri. Å gje politiet dei 20 millionane for at dei skal handsama pass på ein forsvarleg måte ville vera eit steg på vegen.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Kategorier

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00